Velkommen til Øygarden Visningssenter

 

Eit moderne havbruksanlegg

 

Øygarden Visningssenter er eit praktisk visningsanlegg for produksjon av laks og aure – også med tilbod om formidling av fiskeri- og havbrukshistorie og servering av mat frå havet.   

 

Næringar knytte til sjøen og havet er naturleg i Øygarden og har klare band til identitet, historie og tradisjonar. Det var sjøen som gav maten og var ferdavegen for folk som busette seg her. Dette vil også vera avgjerande for dei som vert buande i Øygarden i framtida.   

 

De finn oss på fjordsida ved Ovågen i Øygarden kommune, i havet nordvest for Bergen. Køyretida med buss frå Bergen er ein knapp time og frå Flesland Flyplass om lag 1 time.   

 

Foto: Morten Wanvik  

Øygarden Visningssenter er eit verkemiddel for å ta kysten i bruk; gjennom satsing på marin næring i samarbeid med andre næringar. Innanfor kommunegrensene vert det i Øygarden satsa stort innan ressurs og energi. Eit anlegg for miljøbasert produksjon av matfisk med offentleg tilgjenge, kan også setjast inn i denne samanhangen.

Øygarden Visningssenter vart etablert 24.august 2009 med Øygarden kommune, Blom Fiskeoppdrett AS og Det Kongelige Selskap for Norges Vel som eigarar. Øygarden Visningssenter samarbeider med Kystmuseet i Øygarden. Kystmuseet formidlar tilbod om ei rekkje andre sjørelaterte aktivitetar og opplevingar.

Me samarbeider med Kystmuseet i Øygarden om formidling av lokal fiskeri og oppdrettssoge. Du kontaktar Kystmuseet for å tinga omvisning ved oppdrettsanlegget.

 

 

 Foto: Morten Wanvik  

Tilbod og aktivitetar

Øygarden Visningssenter opna i mai 2010. Me startar forsiktig og tek sikte på å utvikla senteret etter kvart. Me vil no kunna tilby slike aktivitetar og opplevingar – med eller utan eigen omvisar:

 På land

  • kafeen i Kystmuseet tilbyr også tradisjonell sjømat
  • museumsbutikk
  • kystmuseet sine utstillingar og fasilitetar, både inne og ute
  • utstilling om oppdrett i saltebua
  • kjøp av fiskeprodukt, reiseminne o.a.  
  • fasilitetar for konferansar og møte

 På sjøen

  • ein fin og forfriskande båttur rundt sjøanlegget 
  • kunnskap om moderne og miljøvenleg havbruk 
  • sjå og oppleva fisken på nært hald og, til etter avtale, kunna smaka nygrilla laks eller aure   
  • møterom til 12 personar
  • open båt med plass til 12 personar – avgang frå saltebua

Båtturar med forbehold om vêrtilhøve. Aldersgrense 7 år.

Tilboda over vil også kunna kombinerast med andre aktivitetar i Øygarden: havrafting, ekstremsport, klatring, fuglekikking, tur- og sykkelløyper, …. Me vil også kunna formidla kontakt til overnattingstadar i kommunen. 

Øygarden Visningssentervil etter kvart utvikla fleire og ulike produkt og produktpakkar; også for skuleklassar og barnehagar. Me tek sikte på å ha høg kvalitet på produktet vårt og vil leggja opp til ei stegvis oppbygging av tilboda våre.

Kystperlen