Salg og marked
Norsk laks og aure vert eksportert rund omkring i heiler verda. Blom Fiskeoppdrett AS sel fisken sin til USA, Europa, Russland og fjerne austen.
Her nokre bilete frå Boston Seafood Show 2009

Messehallen i Boston
Kvar dag året rundt vert det servert 27 millionar måltider norsk sjømat verda over. I dei siste tiåra har særleg produksjon og eksport av laks og aure auka monaleg. Såleis er Noreg i dag verdas nest største eksportør av sjømat, målt i verdi. Laks og aure representerer om lag 50% av all sjømateksport.
Når det går godt i fiskerinæringa, fører det til store ringverknader for næringslivet elles langs kysten: for kvart 10.årsverk innan fiskeri og havbruk skaper dette 8 nye årsverk i andre næringar:
- det er meir enn 41.000 årsverk i den norske sjømatnæringa; 18.000 av desse utgjer ringverknader
-
samla verdiskaping (bidrag BNP) er nesten 39 milliardar kroner.
-
produksjonsverdien er 110 milliardar kroner – 40 milliardar er ringverknader

Sverre Søraa og Martin Øvrebø frå Coast Seafood AS, ein av dei største fiskeeksportørane i Noreg under salgsmessa i Boston.
Mat frå havet er godt og helsebringande og verda treng stadig større mengder sjømat. Difor er det i alle si interesse, også oppdrettane, å ta vare på eit reint og rikt havmiljø.

For meir informasjon om norsk eksport av sjømat kan du vitja Eksportutvalget for fisk sine heimesider
