top of page
Image by Claire Fischer

SALMON CENTER

Eit moderne havbruksanlegg

Øygarden Visningssenter, vart etablert 24.august 2009 med formål å knytte band mellom kysthistorien museet formidlar og korleis ein nyttar havet.
 
​Havet har spelt ei viktig rolle for folket i Øygarden. Det har klare band til vår identitet, historie og tradisjonar. Det var sjøen som gav mat og var ferdavegen for folk som busette seg her. Havet vil også i framtida spela ein avgjerande rolle for innbyggjarane i Øygarden.​


Kystmuseet tar hand om booking og betaling. Omvisningen startar med film i kinosalen på Kystmuseet før ein kort båttur tar deg med ut på merdkanten på Blom Fiskeoppdrett sin lokalitet, Ljøsøy N. Visningane her vert styrt av opningstidene til museet samt værforholda.

Ljøsøy N er eit vanlig matfiskanlegg for produksjon av laks og aure – med ein tilleggsfunksjon som visningsanlegg. Me gjev deg eit innblikk i dagens oppdrett av laks og aure. Her får me besøk av skuleelevar, lokalbefolkning, turistar, media, politikarar og ulikt bransjerelatert besøk for å gje ein innføring i korleis fiskeoppdrett foregår i Norge i dag.
​
Du kontaktar Kystmuseet for booking til visningsanlegget.

KYSTMUSEET I ØYGARDEN

Kystmuseet i Øygarden ligg ved den gamle dampskipskaia i Ovågen i Øygarden kommune, nordvest for Bergen. Køyretida frå Bergen er om lag 45 minuttar og frå Bergen Lufthavn om lag 55 minuttar.

 

Museet formidlar kunnskapen om korleis menneska i Øygarden har brukt naturen rundt seg til å skapa seg eit livsgrunnlag og danne samfunn. Museet legg til rette for at dei besøkande skal få kjennskap til denne historia gjennom utstillingar, filmvising, guida utflukter og sykkelturar.

​

Hovudutstillinga ”Hav og vind – Jord og eld” viser korleis kystfolket har nytta naturen og ressursane ulikt gjennom tusenvis av år. Som besøkande får de kjennskap til korleis ulike samfunn har vakse fram i Øygarden, og korleis dagleglivet i dette vêrharde stroket av vestlandskysten har endra seg opp igjennom tidene.

​

Kystmuseet i Øygarden tek vare på kulturminne i sitt opphavlege miljø, både for samtida og for framtida. Ved museet ligg eit særeige sjøbruksmiljø med over 20 ulike sjøhus og naust med båtar og reiskapar. På kaien står det ei stor saltebu frå den tida då sildefisket framleis var rikt.

Kystmuseet i Øygarden byr på mykje forskjellig 

På land:

  • Det er kafe i Kystmuseet som tilbyr mat og drikke.

  • Det er også ein liten museumsbutikk.

  • Kystmuseet har utstillingar og fasilitetar, inne og ute.

  • Fasilitetar for konferansar, møte og andre samlingar.

  • Utstillingar inne og ute.​

​

Andre aktivitetar:

  • Utleige av kano og robåt.

  • Undervisning om livet i havet.

Adresse

Museumsvegen 9
5337, RONG

På visningsanlegget:​

  • Innføring i moderne havbruk ved å få sjå og oppleva oppdrett på nært hald.

  • Fin og forfriskande båttur rundt sjøanlegget for turistar, skuleklassar og andre besøkande.

  • Open båt med plass til 10 personar.

  • Born under 12 må ha med vaksne, aldersgrense 7 år.

  • Båtturar kan verte avlyst på grunn av ulike operasjonar på anlegget eller ved dårlig vær.

Kontakt

53 00 61 40

bottom of page